
Oppdatering: Semifinalen mot Rugland/Salanto vart vunnet 21-14,21-9. Dermed er Fanny og Victoria i finalen mot Maaseide/Jægtnes Bech. Finalen går 15.00. Vi kryssar alt vi har av armar & bein for at Fanny og Victoria tar den heim.
DEN STORE BOMBA HAR DETONERT: Fanny Bjørnholt og Victoria Kjølberg skal til Sandvolleyball EM i Vilnuis med det norske flagget på brystet. Vi i Ringerike Sandvolleyballklubb gratulerer Fanny med seieren mot Maaseide/Jægtnes Bech. Setta vart vunnet 21-16, 21-17 (2-0) dermed ein overbevisande seier til Kjølberg/Bjørnholt.
Det var på mange måtar David sin kamp mot Goliat der Maaseide/Jægtnes Bech hadde eit mangtallig publikum leia av far Bjørn Maaseide under finalen. Men Fanny og Vicoria klarte å holde hovudet kaldt og spelte meget bra mot dei meir kjente utøvarane. Jægtnes Bech er på seniorlandslaget i innevolleyball. Benedicte Maaseide vann NM 18 år sandvolleyball i Førde i fjor saman med dåverande makker Michelle Dåstøl.
Fanny Bjørnholt saman med makker Victoria Kjølberg frå Koll har gjort det meget bra i Norgestour junior i Kristansund. Første dag har laget spelt meget bra og faktisk vunnet alle kampane 2-0. Resultata er som følger:
Bjørnøy Dale/Tjemsland - Kjølberg/Bjørnholt 10-21,14-21 (0-2)
Kjølberg/Bjørnholt - Hageland/Pepaj 21-15,21-15 (2-0)
Morken/Morken - Kjølberg/Bjørnholt 11-21,11-21(0-2)
Brunstad/Engelien - Kjølberg/Bjørnholt 15-21,19-21(0-2)
Turneringa er samtiig uttak til EM som går i Vilnius i juni. Det er berre eit lag som skal til EM. Laget må dermed slå det sterke paret Rudland/Salanto som har blitt nr 2 i pulje nr 2. I tillegg må dei også slå det meget sterke laget Maaseide/Jægtnes Bech som vant pulje 2. i en eventuell finale. Vi satser på at Fanny og Viktoria klarer denne tøffe oppgåva og får representar Norge i EM.
Vi er kjempestolte av det Fanny og Victoria har fått til så langt og ønskjer dei lykke til på søndag.